Lukk
Logg inn

Siste oppdatering: 02.april 2010, kl. 19.04

DU ER HER: Start

Om Sykkylven

E-post Skriv ut PDF

Sykkylven

Namnet kjem antakelig av at fjorden er sekkeforma; sykk = sekk, ylven = fjord

Fakta om Sykkylven


Sykkylven grensar i aust til Stordal og Stranda og i sørvest til Ørsta. Nord for Storfjorden ligg kommunane Ålesund, Skodje og Ørskog. Folketalet i kommunen har vore stabilt, men jamt stigande, og ligg i dag på rundt 7500.


Hovudnæringa i Sykkylven er industri, med hovudvekt på møbelindustri. Dei mest kjente fabrikkane er Ekornes, Hjellegjerde, Brunstad og L.K. Hjelle.

Men i Sykkylven fins det også andre industrigreiner. Det vert produsert transformatorar, vifter og rister til skip og oljeinstallasjonar, emballasjeprodukt, stålkomponentar, bygningsprofilar, baderomsinnreiing, bade/boblekar med meir. Her er eit nettverk av underleverandørar og servicebedrifter, design-, arkitektkontor og firma som arbeider med marknadsføring. I kommunen har vi også ein vidaregåande skule som m.a. utdannar fagarbeidarar til industrien

Av attrakasjonar i Sykkylven kan eg nemne

  • Sykkylven naturhistoriske museum : Dette er det einaste museumet av sitt slag i Møre og Romsdal med 260 dyr og fuglar frå Noreg og Svalbard. Her finn du mellom anna utstoppa isbjørn, moskus, elg ,gaupe,bjørn ,ugler, ørner og falkar.
  • Norsk møbelfagleg museum er eit nasjonalt dokumentasjons- og utstillingssenter for møbelindustrien.
  • I nærheten av Aursnes fergekai finns det gravrøyser frå jernalderen.
  • Ikornnes Båtforening : Badeanlegg og restaurant. (ligg ved Ekornes fabrikker)

Kristofer Randers, var ein en dansk poet og fjellklatrar som reiste rundt på Sunnmøre på slutten av 1800-talet. Om Sykkylven skriv han mellom anna dette:

"Sykkylven er kanskje det vakreste av alle Sunnmøres landskaper. Hva som betinger dette, er ikke noe enkelt - ikke fjorden - ikke fjellene, ikke breene, ikke dalen - men alt dette i forening, den harmoniske blanding av det storartede med det smilende "

Til slutt avsluttar eg med ei helsing til Sykkylven:

Heimbygda av Henrik Straumsheim


Eg veit ei bygd der inne
i mellom fjell og fjord
Ho gøymer tusen minne
dei kjæraste på jord

Ho lyser skir og strålerein
frå fjell og ned til fjørestein
For ånd og indre auga
i vår og varme lauga

So mang ei bygd og mang ei grend
var vakker nok og vide kjend
men ei i mellom hine
i minneglans vil skine

Me vamar og me vimar
i verdsens ville sveim
Men i dei stille timar
sviv tankefuglar heim

Eg sit i stille stunder
og blundar augo att
Då stig ho som eit under
or dis og draumenatt

Til bygda mellom fjell og fjord
den kjæraste me veit på jord
Til dalane der inne
med glans av fagre minne

English French German Italian Portuguese Russian Spanish

There seems to be an error with the player !

eXTReMe Tracker